Tinghaug

Tinghaug ved Gvarv var tingstaden for det Gamle Grenland, som omfatta bygdene rundt Norsjø i Telemark; Heddal, Sauherad, Holla, Lunde, Bø, Drangedal og Solum med Melum. Ting og skipreideting blei først halde som allting. Tingfolket samla seg på Tjodvallsletta nedanfor Tinghaug. Alltinget blei seinare sendemannsting. Lovgjevinga gjekk på 1100 tallet over til landsdelstinget, Borgarting. Tinghaug blei nå berre nytta til avgjerd av tvistemål og rettarbøter, seinare med tingstoge. Fyrste sorenskrivar, Baltzer Jenssen, blei tilsett ved bygdetinget i 1593. Tingstaden på Tinghaug blei nytta til 1867, då flytta til sorenskrivargarden på Gvarv, der den blei verande til 2008.
I det gamle Grenland var småkongen Harald Grenske lendmann fram til 995. Han var ”kongeboren” som sonesonsson av Harald Hårfagre, óg var oppfostra i Grenland hos lendmann Roar den Kvite. Harald Grenske og kona, Åsta Gudbrandsdotter Kula, fekk sonen Olav Haraldson Digre. Etter fyrst å ha vore einekonge i Noreg i 13 år, fall han på Stiklestad den 29 juli 1030, og blei kanonisera som Olav den Heilage. Tid og stad for Olav den Heilages fødsel blir i Flateyjarbok bind II fortald å vera om sommaren i år 993, på golvet i lendheimen til foreldra i Grenland. Lendheimen låg truleg ved Tinghaug der Lindheimgardane nå er på høgda ved Gvarv. Olav Haraldson var såleis 2 år gamal da far hans blei drepen i 995. Mora Åsta gifte seg då med tremenning til mannen sin, Sigurd Syr på Ringerike, som såleis blei fosterfar til Olav den Heilage.

Type kulturminne Gravminne
Vernestatus Automatisk fredet
Datering Jernalder
Tekst: Thorstein Vale

Kilde: Kulturminnesok.no

Trackbacks/Pingbacks

  1. Hvor godt liker du dette? | kulturognaturreise.no - 9. oktober 2012

    […] Tinghaug […]

  2. Hva slags innhold skal vi ha? Dere har svart | kulturognaturreise.no - 8. oktober 2012

    […] Tinghaug […]

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s