Digital namnevandring langs pilegrimsvegene

I 1993 starta arbeidet med å få ei samanhengande pilegrimslei frå Oslo til Trondheim. Målet var å ta i bruk historiske vegar og stimulere til friluftsaktivitetar der natur- og kulturopplevingar går i eitt. Pilegrimsleden vart offisielt opna i 1997. I 2010 var over 2000 kilometer pilegrimsveg merka og rydda. Det er oppretta seks regionale pilegrimssentra, og Nidaros pilegrimsgård tek imot vandrarar ved målet.

Nasjonalt Pilegrimssenter i Trondheim skal lede og vere eit knutepunkt for arbeidet med pilegrimsvegane i Noreg. Arbeidet frå pilotprosjektet blir vidareført, og ein felles strategi for det statlege pilegrimsarbeidet er under arbeid. Les meir om pilegrims­vegane og Nasjonalt Pilegrimssenter her: http://pilegrimsleden.no/no/about/om-pilegrimsleden.

I samband med opninga av Pilegrimsleden i 1997 gav Mari Kollandsrud ut boka «Pilegrimsleden til Nidaros. En guide til vandringen». Boka inneheld ei særs velskriven, detaljert skildring av vandringa langs to vegar, frå Oslo og frå Verdalen mot Trondheim, med kart og bilde. Namna i skildringane finn ein att på karta, og omvend. I skildringane finn ein òg mykje godt kulturhistorisk stoff knytt til stadene undervegs. Det er interessant lesestoff for ein vandrar. Ei vandring gjev jamnast god tid for refleksjon kring nye opplevingar og forteljingar, og det er også eit viktig føremål med å vere undervegs.

Det eg – som namneforskar – saknar i denne handboka, er forteljingane om sjølve stadnamna langs vegane. Vi vandrar forbi Sprænbekken, Kvanndalen og Tingsvaet i Oppdal, utan å få vite noko om kvifor stadene heiter som dei gjer. Attom slike namn løyner det seg mykje kultur- og naturhistorie, til glede for ein vandrar på vegen. Sprænbekken spræner og sender vatnet ut i fine strålar, i Kvanndalen veks den ein gong viktige nytteplanten kvann, medan Tingsvaet i eldre tid var møtestaden for oppdal­ingar og nordgudbrandsdølar, mellom anna for løysing av rettstvistar. Namna og dei naturgjevne, historiske og sosiale realitetane attom dei manar vandraren til ettertanke.

Saknet av dei gode namneforteljingane har ført til ønsket om å vidareføre arbeidet med å spreie kulturhistorisk og naturhistorisk informasjon om stadnamna langs vandrevegane. Det kan mellom anna skje ved hjelp av digital teknologi (database, app). Ei norsk-svensk prosjektgruppe er i ferd med å førebu ein søknad om midlar til eit forprosjekt om stadnamn og kultur-/naturhistoriske minne langs pilegrims­vegen mellom Jämtland og Trondheim. Førebuinga på norsk side skjer mellom anna i dialog med Nasjonalt Pilegrimssenter (under Riksantikvaren) og prosjektet Kultur- og naturreise (under Kartverket, Kulturrådet, Riksantikvaren og Riksarkivet).

Føremålet med prosjektet er mangesidig. Eit overordna, ikkje-materielt mål er å la vandrarane sjå, lese og leve seg inn i den kulturhistoria og naturhistoria dei møter på vegen. Stadnamna langs vegane vil òg vere ein berebjelke i den infrastrukturen ein treng når ein skal planleggje si eiga vandring (transport, overnatting, servering, anna). Fleirspråkleg digital informasjon om stadnamna kan også bidra til å auke interessa for dei nordiske vandrevegane, lette tilgangen til dei, og såleis auke verdiskapinga langs vegane. Som fleirspråkleg prosjekt vil dette også naturlig kunne inngå i ein større europeisk samanheng, med tilknyting til Europeana (EU-prosjekt for deling av europeisk kulturarv) og Europeiske kulturvegar (koordinert av Europarådet).

Kategorier: eturisme, Europeana, Kulturarv, Natur, Pilegrimsleden, Stedsnavn

Abonner

Subscribe to our RSS feed and social profiles to receive updates.

Ingen kommentarer så langt.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s