Testing av LoCloud i Bø

Dette er en serie på tre blogginnlegg om LoCloud og KNreise. De forrige innleggene er 
 skrevt av Silvia Alfreider i Riksarkivet og har tittel:
 "LoCloud samarbeider med Kultur- og naturreise"
 og Siri Slettvåg, Avinet: "Kartfesting – manuell og automatisk geokoding"

Saman med Bø Museum har vi satt oss ned 2-3 dagar for å teste LoCloud-løysinga som gir tilgang til å endre den kartfesta folketaljinga frå 1910. Vi har til no gått igjennom og gjort endringar på 103 registreringar. Vi har gått grunding til verks og har lyst å gå gjennom heile området Bø og Sauherad med tid og stunder.

Kva gjer vi og kva utfordringar støter vi på? Mykje av arbeidet består i å flytte geoposisjon frå midt på garden til det opprinnelege huset på garden, eller til der dette huset i si tid stod. Vi har delt arbeidet mellom oss slik: Finn sit med Bø-soga og all kunnskapen sin, medan eg googlar og klikkar i kart og lister. Så roper vi inn til Elin om vi står fast. Om ho ikkje veit, så veit ho kven vi må ringe eller minner oss på at vi treng kaffe.

Kartfestinga er generert etter gards og bruksnummer, men mange gardar har vorte delt eller slått saman i dei hundre åra som er gått. Så det råder litt forvirring i kva folk som høyrar til kor. Særleg synleg er dette på større gardar som har hatt mange husmenn under seg. Husmannsplassane høyrde til stordgarane og hadde ikkje eige gr. br. nr. På slike plassar ser det ut til at det har vore ein rett storgard oppe i fjellsida, der det i røynda kun har budd 2-3 husmenn. Andre stader er den opprinnlege storgarden så splitta opp at det kun er ein pitteliten teig att oppe i skogen.

Ein må altså ta til å skilje t.d. 3 Kaasa-gardar frå kvarandre og plassere dei ut der dei låg. Biletet under syner litt av dette, der Kaasa Søndre har vorte kartfesta (kvit markør – opprinneleg kartfesting) på den vesle teigen som er att av gr. 47 br. 16 opp i skogen, medan huset (grøn markør – ny kartfesting) låg nede i bygda langs jernbana og vegen og har fått nytt gr./br. nr.. Kaasa Søndre Dette er eit møysommeleg arbeid, som krever gode lokale kunnskapar, ei god lokalsoge i fleire band å bla i, gode kart med oversikt over gards og bruksnummer og ikkje minst treng ein nokon å ringe til når ein står fast.

Verktøyet LoCloud Alt i alt er LoCloud enkelt og relativt intuitivt oppbygd for å endre geoposisjonar. Etter innlogging får ein gitt tilgang til aktuelle lister frå FT1910 av Arkivverket. Etter å ha valt liste ein vil arbeid med, vert gardane liste opp til venstre i nettlesaren med eit kart i midten. Ved å klikke på eit av gardsnamna får ein opp posisjonen på registreringa i kartet (kvit markør). For å endre posisjonen klikkar ein enkelt og greit på rett plass i kartet og får opp ny markør(grønn). For kvar endring kan ein legge til kor sansynleg det er at registreringa er korrekt, etter ei gradering 1-3 eller berre klikke på «error» om ein veit at dette er feil utan å ha alternativ til plassering. LoCloud1 Graderinga

Det gode med å kunne gradere kartfestinga etter kor sikker ein meiner desse endringane er, er at kvar gard vert merkt grønn for sansynleg og gul for mindre sansynleg. Dette kan ein igjen søke/filtrere på seinare og enkelt gå tilbake til dei endringane ein tidlegare har vore usikre på(gul), eller det kan vere til hjelp for andre som kanskje tør ta i dette seinare.

Karta

LoCloud gir høve til å velje mellom Topografis Norgeskart, samt tre google kart (Physical, Street og Hybrid). Topografiske kartet er det beste, av den enkle grunn at her ser ein bygga, terrenget, eigedomsgrenser og gards og bruksnummer. Dei andre er ikkje til noko nytte etter vår erfraing. Hybrid kunne ha vore bra å ha, men google sitt kart er ikkje godt nok av di ein ikkje får zooma godt nok inn. Det hender vi er usikre på kva hus på tunet som bør bli merkte, og då hadde det vore greit å få zooma raskt inn og sjå kva bygg som har pipe på, for å skilje hus frå låve. Til dette brukte vi kart.finn.no. For å finne enkelte gardar med nye gards og bruksnummer har vi måtte finne noverande eigar og andresse, og nytta gammel.norgeskart.no for å søkje fram gard etter nye gr. br. nr.

Filtrering

LoCloud tilbyr kun to måtar å filtrere registreringane på. Dette er etter område/liste gjort tilgjengeleg for deg som brukar, og sansynlighetsgraderinga. Når ein skal arbeide med dette over tid hadde arbeidet gått fortare om ein kunne søkje direkte på gardsnamn eller gards og bruksnummer. Listene over gardsbruk vert fort lange å bla seg gjennom om ein skal finne ein spesiel gard. Det hadde og vore til hjelp om det var mogleg å kunne få lista over datasetta sotert etter t.d. gardsnummer(høg-lav), namn(a-å) eller geoposisjon? Dette kunne ha gjort det lettare for oss å konsentrer arbeidet om eit område om gangen.

Gardsnamn

Det er veldig kjekt å kunne ha tilgang til å endre «Name of item». Mange gardar og plassar er nemt med same namn, som t.d. Kaasa, Plassen, Fossheim, Haugen, Sisjord, osv. sjølv om desse har andre namn òg. Så vi vart glade då vi oppdaga at vi kan legge til lokale kallenamn, slik at ein kan skilje Vollen-Fossheim frå Flatland-Fossheim. Slik kan vi og legge til kva gard husmannsplassana låg under, og skilje stormenn frå husmenn. Vi vart elles freista til å endre skrivefeil, som der ein har kalla ein gard i Bø for Grøteknapp? Det skal da vere Grauteknapp. Men vi lot det vere. Grøteknapp fortel jo òg si historie.

Kategorier: Bø og Sauherad, Folketellinga 1910, Kartfesting, LoCloud, Riksarkivet, Telemarkpiloten

Abonner

Subscribe to our RSS feed and social profiles to receive updates.

Ingen kommentarer så langt.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s