Filmdrypp frå Telemark

I Telemarkpiloten har vi i år gjort nokre forsøk på å dokumentere viktige hendingar og kunnskapar. Vi hadde rett og slett behov for å lære litt meir om det å lage film.

Til dette har vi leigd inn Inkiri Abarhamson, frå Humoragenten og Trygda Medieverksted, og Kyle O`Donoghue frå Four Corners Media. 

Forfattarar betraktar Bø frå ein Mercury Cougar.

Det var i samband med litteraturfestivalen Bøker i Bø at vi måtte først hive oss rundt. Store norske forfattarar inntok Bø-bygda, og vi fekk det over oss at dette er folk som kan formidle. Vi må gjere noko! Det vart raskt tenkt på Brenner og bokprogrammet; kva passar vel betre enn ei rånerunde i Bøgata med litterære kunstarsjeler i ei bygd som dette? Vi viste ikkje kva dei kunne by på, men vi måtte berre kaste oss ut i det.

Inkiri som nette var ferdig med kulturstudiet i Bø og har jobba med radio, blogging, standup og hobbyfilming vart kontakta, og sa ja på onsdagen til å bli med. Torsdagen takka Edy Poppy, Vidar Sundstøl og Dag Solstad ja til å bli intervjua i bil. Fredag kveld kl 2100 fekk vi endeleg fatt i ein bil. Ikkje kva som helst slags bil, men ein Mercury Cougar `72! Laurdag kl 1000 var vi sån høveleg klare. Inkiri etterlyste manus, så vi skreiv noko på eit papir som vart gløymt i ein sekk.

Men vi kom oss på hjul og fekk gjort intervju og filma. Edy Poppy (Ragnhild Moe) prata lenge og vel om å kome frå Bø og kjenne på å vere annleis, Vidar Sundstøl betrakta bygda som tilflyttar og rosar forfattarstudiet, medan Dag Solstad la ut i det vide og det breie om slekta frå Bø, og korleis det heile heng saman med engasjementet for slektsforsking.

Av materialet klipte vi ihop ein kort intro til litteraturfestivalen Bøker i Bø. Men vi har framleis mykje som ligg og ventar på ferdigstilling. Eg gledar meg i alle fall til Dag Solstads kulturhistoriske betraktningar vert publisert!

Det spontane og frie opnar for utruleg mykje spanande!

Firfletting og beverforsking

Spontanitet genererar kreativitet, likevel kan manus vere litt lurt. Særleg når vi ønskjer å formidle noko konkret som forsking og handtverkstradisjonar.

Vi hadde ei stund hatt kontakt med både Marthe Haugerud i Norges Husflidslag og Fank Rosell ved Høgskolen i Telemark. Via desse kom vi i kontakt med husflidshandtverkar Torhild Aavik og Christian Robstad frå beverforskinga ved Høgskolen i Telemark. Desse sat med kunnskapar som er litt vrient å vite noko om. Torhild er ein av få i Noreg som arbeider med ein truga teknikk som kallast firfletting og beverforskinga i Midt-Telemark er stort sett tilgjengelig som studiefag eller lange rapportar og doktoravhandlingar. Dette må ut og visast fram!

Denne gongen kontakta vi Kyle O`Donoghue som har arbeidd mykje med digitale forteljingar, dokumentarar, kunstformidling og naturfilmar. For å vere sikker på at vi har den informasjonen vi treng i formidlinga var Kyle opptatt av at vi må gjennomføre eit reint bakgrunnsintervju først, før vi filmar fagpersonane i fri utfalding. Slik kan vi og sikre betre at vi får fatt i mennesket, og ikkje berre fag, teknikk og formidling. Kyle var bestemt.

Intervjuguide vart skreve og sendt på epost i vekene før filming. Filminga var gjennomført på 5-6 timar og klippinga vart gjort på halvannan dag + feedback og ein ny halv dag med klipping før ferdigstilling. Det artigste var at filmen om firfletting passerte 1000 views på 5 dagar.

 

 

Kategorier: Bø og Sauherad, Høgskolen i Telemark, Telemarkpiloten

Abonner

Subscribe to our RSS feed and social profiles to receive updates.

Ingen kommentarer så langt.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s