Workshop i digitale forteljingar 9.-10. april i Telemark

Målet med workshopen er å lage digitale forteljingar tilpassa mobil og nettbrettformat. Forteljingane blir lagt inn i databasen http://www.digitaltfortalt.no og blir slik slusa ut i Kultur- og naturreise appen. Workshopen er gratis og invitasjonen går ut til frivillige i Bø og Sauherad, samt til andre prosjektgrupper i Telemark som arbeider med digital formidling. Det vil bli servert lunsj begge dagar, og det blir rikeleg med kaffipausar med noko attåt.

Onsdag 9. april og torsdag 10. april Oppåstugo, Gullbring Kulturanlegg i Bø.

 

Program for dagane

Onsdag   Torsdag  
09.00 Velkommen 09.00 Kort repetisjon av verkty
09.15 Korleis fortelje ei god historie   Opplæring i http://www.digitaltfortalt.no
  Digitale forteljingar og digitaltfortalt.no 10.00 Sy saman historia
10.15 Pause   Ferdigskrive ferdig historia
10.30 Workshop   Lese inn lyd/forteljarstemme
  – Utvikling av historia   Redigere lyd, foto
12.00 Lunsj 12.00 Lunsj under arbeidet
13.00 Workshop – praktisk arbeid 14.00 Ferdigstille forteljingar
17.00 Gjennomgang av Movie Maker 15.00-16.00 Premierefest! Framsyning av
18.00 Avslutning for dagen   forteljingane

 

Bakgrunn

Kultur- og naturreise er eit prosjekt som eigast av Kartverket, Kulturrådet, Miljødirektoratet, Riksantikvaren og Riksarkivet. Målet med prosjektet er å vise fram informasjon om kultur og natur som ligg i landskapet via ein mobiltelefon. Det er snakk om å gjere det usynlige synleg med din eigen kjentmann i lomma. Fokuset ligg på stads spesifikk informasjon som blir presentert via eit kart på mobiltelefonen. I pilotane vil ein teste ut måtar å formidle stads spesifikk og kartfesta informasjon. Informasjonen kjem frå fag- og forvaltningsdatabaser (f.eks. Kulturminnesøk, Digitalt museum, Naturbase), Wikipedia og digitale forteljingar til ulike grupper reisande. I tillegg undersøkjer vi korleis databasane og deira infrastruktur må riggast for at dette skal fungere. Prosjektet arbeider med det tekniske slik at all informasjon som ligg i databasane kan komme ut på telefonen, men trenger hjelp til å kna fleire forteljingar på natur- og kulturminnefronten i Telemark.

 

Kultur- og naturreise som forprosjekt, er no i gang med fase to. I første fase var satsinga på pilotområda Akerselva, Bø/Sauherad og Dovre. Fase to (2014-2015) vert Bø/Sauherad piloten og Dovre piloten utvida til å gjelde Telemark og Gudbrandsdalsleden. Etter to år med erfaringsbygging i Bø og Sauherad kommunar er prosjektet no klare for å invitere andre prosjekt, lag og interesserte i Telemark som arbeider med digital formidling til å ta i bruk den digitale infrastrukturen opparbeida i samband med Kultur- og naturreise-prosjektet. Vi er mange i prosjektet som utforskar og leikar oss fram til ein ny og kreativ formidlingsmetode, og ønskjer deg og ditt prosjekt med på laget.

 

Prosjektet er organisert med ei prosjektgruppe. Desse har kontorplass hjå Kulturrådet. Styringsgruppa vert leia av riksantikvar Jørn Holme, og består av direktørane Anne Aasheim (Kulturrådet), Anne Cathrine Frøstrup (Kartverket), kommunikasjonsdirektør Bård Bjerkaker (Miljødirektoratet) og riksarkivar Ivar Fonnes (Riksarkivet). I tillegg er det kontaktpersonar frå den enkelte partner, kommunar, fylkeskommunar, museer, arkiv, frivillige og andre organisasjonar som følgjer opp prosjektet i ulike undergrupper og aktivitetar.  Ca. 100 organisasjonar og over 200 personar er involverte i prosjektet.

Digitalt fortalt

Kulturrådet har ein base og ein portal som heiter Digitalt fortalt som er velegnet for å begynne dette arbeidet. På Digitalt fortalt finn du digitale forteljingar, som består av ein eller fleire delar: tekst med illustrasjonar, video, lydfiler, animasjonar, fotografi eller video. Illustrasjonar er ofte sett saman til en videosnutt med innlest stemme og musikk over. Forteljingane kan ta utgangspunkt i ulike typar kjelder, både skriftlege og munnlege, eller dei kan ta utgangspunkt i gjenstandar og i personlige opplevingar. Digitalt fortalt er ein demokratisk kanal der alle kan leggje inn sine forteljingar. På denne måten er det ingen som eig historia. Digitalt fortalt starta opp i samband med Kulturminneåret 2009 og er eit ledd i å heve kompetansen på digital formidling og medverknad.

www.digitaltfortalt.no kan du sjå, høyre og lese dømer på digitale forteljingar. Dei kan ha ulike lengder og vere samansett forskjellig. I Kultur- og naturreise har vi satt som krav til forteljingane at de skal ha minst et bilde og maks 100 ord. Etter erfaringar i prosjektet er det så lenge, 100 ord/1-2 min., brukarar av digitale tenester helde merksemda oppe. Er forteljingane lengre, klikkar brukaren seg vidare før forteljinga er ferdig.Prosjektet har organisert fleire workshoper med veldig godt resultat.

 

Ei forteljing inneheld:

*Tittel

*Ingress – interessevekkande teaser. Maks 20 ord.

*Fortelling – maks 100 ord

*Illustrasjonar – minimum en.

Lydfilar – relevante lydspor og eller innspelt manus av forteljinga

Video-filer

Lenker

Kjelder

*Emneord

(* Obligatoriske)

 

Deltakarar

Mange i Telemark arbeider med og planlegger former for digital formidling. Denne workshopen gir deg og ditt prosjekt høve til å lære en ny og kreativ måte å formidle på. Tenestene Kultur- og naturreise utarbeider er gratis og open for alle. No inviterer vi utvalde prosjekter og samarbeidspartnarar til å ta i bruk våre tenester, ved å dele sine forteljingar på våre nettsider og bli med å teste ei ny formidlingsløysing som seinare vil bli ei landsdekkande satsing.

Ved å jobbe saman i to dagar dagar og få hjelp til å lage forteljingar, på en ny måte for dei fleste av oss, vil vi få høve til å reflektere over eigen formidling, opprette kontaktar med andre som jobbar med like prosjekt og tid til å jobbe med eigne manus, og få tilbakemelding på desse.

Huskeliste

ü  PC

ü  Installer Movie Maker Live på din pc.(IMovie for Mac entusiastar) Eit gratisprogram som kan kople bilde, film og lyd.

ü  Illustrasjonar, kjelder, manus, underlagsmateriell osv. til det du skal skrive om.

ü  Påmelding til sindre.flo @ bo.kommune.no innan 1. april. Bindande påmelding.

ü  Meld frå om eventuell matallergi J

ü  Er det noko de lurar på kontakt Sindre Flø på tlf. 95 84 75 25

 

 Velkommen til workshop om digitale forteljingar!

Advertisements

Kategorier: Bø og Sauherad, Digital fortalt, Uncategorized

Abonner

Subscribe to our RSS feed and social profiles to receive updates.

Trackbacks/Pingbacks

  1. Telemarkspiloten 2014 | kulturognaturreise.no - 26. mars 2014

    […] først vert det workshop i digitale forteljingar for ulike samarbeidsprosjekt i Telemark som arbeider med digital formidling. Mange lag, kommunar og […]

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s