Pilot Telemark

I to år har vi i Telemark heldt fokus på å produsere innhald for Kultur- og naturreise i Bø og Sauherad. Saman med frivillige og lokale bygdetun og museum har vi gjort oss mange gode erfaringar om formidling og framgangsmåtar. No opnar vi oss for bygdene rundt oss, og har oppretta god kontakt med andre digitalisering- og formidlingsprosjekt i Telemark. Dette vert gjort på mange vis:

Workshops

Først og fremst handlar vårt arbeid i Telemark om å fylle diverse databasar med innhald, så workshops er eit must! Vi ønskjer at fleire skal vite om http://www.digitaltfortalt.no og moglegheitene for formidling som denne sida gir.

No først vert det workshop i digitale forteljingar for ulike samarbeidsprosjekt i Telemark som arbeider med digital formidling. Mange lag, kommunar og organisasjonar er i ferd med å tilnærme seg ulike formar for digital formidling. Mange arbeider på eigahand og vi håpar at Kultur- og naturreise med sine workshops kan vere samlande og inspirerande for formidlingsprosjekt i Telemark.

Vi vonar vi får på plass fleire workshops både om digitale forteljingar og wikipedia i løpet av 2014.

Innsamling og bearbeiding av materiale

Vi har i Bø og Sauherad hatt stor suksess med å samle inn skrevne forteljingar, bearbeide desse til digitale forteljingar. No ønskjer vi enda meir informasjon!

Foto, nye og historiske, er veldig i vinden. Eit mangfald av facebooksider samler folk til diskusjon og deling. I Telemark vil vi gjere forsøk på å samle foto til bruk på diverse nettsider. Vi vil i løpet av våren få folk i Bø og Sauherad til å levere gamle foto til lokalhistorisk arkiv, som kan publiserast på kulturminnesok.no og digitaltmuseum.no. Ideen kjem frå Bø Museum som med jamne mellomrom oppmodar folk til å dele.

I vår vil vi også dra i gang ein fotokonkurranse for å få meir innhald i kulturminnesok.no. Vi vonar at folk vil vere med å hjelpe oss med å fotografere arkeologiske minner slik områda ser ut i dag. Så følg med for meir informasjon om du har lyst å bidra!

Vi har også fått levert ei kasse med kassettar. Lange opptak av kaffeslabberas og intervju med eldre personar i bygda. Kven dette er og kva som faktisk finn seg i desse opptaka veit vi ikkje enda, men vi håper sjølvsagt at vi finn lokalhistoriske skattar her som du kan høyre om på digitaltfortalt.no i løpet av året. Det er berre å gle seg🙂

Filming

Vi har lyst å filme i Telemark! Filme masse!

Vi har lyst å få med naturformidlarar til å fortelje om særlege artar og naturfenomen i fylket, men og lokalhistoriske tema som er viktige å løfte fram.  Vi jaktar for tida på formidlarar og forskarar som har lyst til å vere med å formidle saman med oss.

Særlege tema er villrein på Hardangervidda, bever i Telemarksvassdraga, hardingfelemakarar og -spelarar, osv.

Med filmar samabeidar vi og med Telemark Museum for å få publisera 30 videosnuttar laga av Hjalmar Johansen vgs i 2011. Desse er ferdige men ligg litt rundt om kring; på ulike pcar og på youtube. Dette er forteljingar som omhandlar Ulefoss og Brekke Hovudgård.

Kulturminner

Registrering av kulturminnar held fram i dei 20 frivillige gruppene i Bø og Sauherad kommunar. Historielag og turlag er ivrige og aktive med fotografering, samle historier og merke av kulturminnane i terrenget. Kultur- og naturreise følger opp desse gruppene ved å arrangere møtepunkt og arbeidskveldar. Enkelte grupper har stått fast og treng innimellom hjelp for å komme vidare.

Eit tilbakevendande tema i kulturminneregistreringa er stadnamn. Vi er stadig på jakt etter gode stadar å få registrert stadnamna. Til no er ca 500 registrera her.

Store Menn - Alf HauglandVers ved Vannvegen

Biblioteka, Telemark Fylkesbibliotek og kommunane langs Telemarkskanalen har gjennomført eit litteraturprosjekt der ein har hengt opp plakatar med dikt av lokale lyrikarar på bygningar, ved brygger og langs turstigar. På bagrunn av dette prosjektet tok vi kontakt med Liv Holtskog, som er Sauherad kommune sin lokalt utvalde lyrikar, og fekk spelt inn hennar 8 dikt og publisert og kartfesta desse på digitaltfortalt.no. Dette gjer det altså mogleg å få høyre Liv Holgskog sjølv lese sine dikt via KNappen. Målet no er å få lagt til QR-kodar(lenka til df) på desse plakatane i felt, og overføre dette til dei andre kommunane langs kanalen. I alt dreiar dette seg om i overkant av 40 dikt og plakatar.

Kontakt med lokale databasar og prosjekt

Det finst fleire nettstadar som har som mål å formidle kultur og natur i Telemark. Blandt desse finn vi mellom anna www.seljordogsogene.no, www.skiensvassdraget.no/, www.kulturlandskapssenteret.no/http://www.boturlag.net/ og www.skiensatlas.net. Alle desse har mykje informasjon, og arbeider på ulikt vis med formidling tilpassa nettbrett og mobil. Desse, samt ei rekke av prosjekt, har vi eit ønskje om å samarbeide med for å auke innhaldet i KNappen. Utviklinga går raskt på det teknologiske og det er stort behov for å informer og samhandle i dette arbeidet. Vi opplever at Kultur- og naturreise har potensiale til å vere samlande for digital formidling i Telemark, og kjem til å utforske dette i tida framover.

Til no har vi invitert desse med til samarbeid og workshops:

Seljord og Sogene – seljordogsogene.no
Skiensatlas – skiensatlas.net
Drømmemila, Regionalpark Telemark
Telemark Museum
Industriarbeidermuseet
Vest-Telemark Museum
Telemark Turistforening
Verdensarv prosjektet – Tinn og Notodden
VandreTelemark -frå vidde til sentrum
På Tur i Midt-Telemark – Bø Turlag
Norsk Skieventyr  – Morgedal
Høgskulen i Telemark
Feste Landskap – www.fest.no
Møtestad Seljord
Lunde Slusepark – Midt-Telemark Rådet
 ERIH – European route for Industrial Heritage
Fruktbygda Sauherad
Eikjabygda vel – Bø
Kulturlandskapssenteret i Telemark
Sauherad Historielag
SNO Skinnarbu
Vers ved Vannvegen – Telemark Fylkesbibliotek

 

Tags:

Kategorier: Bø og Sauherad, Digital fortalt, Telemarkpiloten

Abonner

Subscribe to our RSS feed and social profiles to receive updates.

Ingen kommentarer så langt.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s