Refleksjonar om digitale forteljingar i Bø og Sauherad

Det manglar ikkje på engasjement, motivasjon, vilje til deltaking, lokalhistorisk kunnskap og formidlingsglede i Sauherad og Bø! Men tid..

Det tek tid å setje seg inn i kva ei digital forteljing er og korleis denne kan lagast. Det kan gjerast enkelt og det kan gjerast komplisert. Alt frå tekst på 100-200 ord med eit illustrasjonsfoto, til ei audiovisuell framstilling der ein skriv tekst, leser inn teksten og syr dette i hop med bilete eller film.

Dei frivillige

Med bakgrunn i kulturminnekartlegginga blant frivillige i Bø og Sauherad, vart området her del av Kultur- og naturreise som pilot. Desse frivillige, frå lokale turlag, historielag og velforeiningar osb., er svært kunnskapsrike og er og har vore ei viktig kjelde til kunnskap om lokal historie og naturfenomen. Naturleg nok har desse vore sentrale i arbeidet i Bø og Sauherad piloten, og det har vorte arrangert fleire møter og kurs for å informere, motivere og lære opp interesserte i digitaltfortalt.no. Håpet har vore at ein på dette viset ville få fleire personar og lag interessert i å bruke digitaltfortalt.no aktivt.

Det har likevel vist seg at desse frivillige har sine prosjekt og sitt arbeid. Dei registrerar kulturminner i hundrevis, lager lokalhistoriske bøker, arrangerer turar og samarbeider om stiar, kart og lagar plakatar om kulturminner i nærområda sine.

Tid vert svært sentralt. Eit prosjekt som KNreise som verkar i ein tidsavgrensa periode med framdriftsplan og målsetningar om så og så mange POIs for testing og erfaringsbygging, er ikkje med naudsyn samanfallande med dei frivillige sitt arbeid. Om digitaltfortalt.no skal verte ein del av dette arbeidet lokalt, på lik linje med stiar, bøker og plakatar på turstiar, må ein tenkje lenger framover enn 2-3 år i gangen. Det tar tid å integrere nye formidlingsmåtar.

I samband med kurs i digitale forteljingar har vi fått produsert mykje. Nok forteljingar har det likevel ikkje vorte, om ein vil ha på plass nok innhald å teste i ein app.

For å bøte på dette (og i eit forsøk på å slå Dovre og Akerselva pilotane i talet på DFar) har vi bedt folk sende inn tekstar og foto som Bø og Sauherad piloten kan handsame og publisere fritt. Dette har vore ein suksess! Det er mange som har korte tekstar liggande, som har vore publisert i aviser, slått opp på plakatar, vore del av ei bok eller har blitt lagt ut på www.kulturminnekart.no/telemark eller www.kulturminnesok.no.

Vi har fått inn tekstar frå kulturminnegruppa på Gvarv, frå fugletittarar i Telemark Ornitologiske Forening, tekstar om kulturminner og plantar frå Bø Turlag, og frå engasjerte frivillige ved Evju Bygdetun, osv. Jamvel ordføraren i Bø har levert ein tekst!

Bø Museum

Det tette samarbeidet med Bø Museum har vore vellykka på mange vis. Elin Mæland Skogen, Kirsti Hegna og Finn Rønning leverer tekstar og foto og publiserer forteljingar med jamne mellomrom. Med Finn som aktivt del av den lokale prosjektgruppa i Bø og Sauherad piloten har vi fått eit godt samarbeid med engasjerte sjeler. Det har vore mange hyggelege skrivedagar på Bø Museum i 2013.

I tillegg til dette har Bø Museum opna utstillinga Folk og Feler. Her er lagt vekt på dei sterke tradisjonane i Midt-Telemark med hardingfelespel, felemakarar og klesdrakter. Til denne utstillinga har det vorte laga ein audio-guide som Bø og Sauherad piloten har fått leike seg litt med. Vi har fått låne foto, tekst og lyd-innspelingar til bruk på digtitaltfortalt.no. Mellom anna har vi fått til denne flotte historia om den lokale musikaren og pioneren Krisiane Lund. Kanskje er dette starten på at ein kan orientere seg i utstillinga Folk og Feler med kun smarttelefonen neste sommar?

Produksjon av innsamla materiale

For å få dei innsamla tekstane ut på digitaltfortalt.no har vi klippa, limt og skreve om tekstar og før vi har invitert lokale røyster til å skrive om tekstane til si dialekt og til å lese desse inn.

Med oss til dette arbeidet har vi hatt med oss Jon Rørmark, m.a. kjent for å stå bak filmmusikken til Knerten. Jon har stått for å vegleie vakre lokale røyster inn i det digitale, og til å klipe inn musikk og fuglelåtar der det høver seg.

Det er slett ikkje vanskeleg å få folk til å lesa inn, og det er vi glade for. Både frivillige frå kulturminnekartelgginga, Bø Museum og ungdomsskulen har stilt opp.

At lokal kunnskap og historie vert formidla av og med dei lokale! At tekstar kjem frå dei som kjenner historia best og at røystene vi får høyre har den lokale dialekta, har vi her i Bø og Sauherad vore einige om er viktig. Så kan sunnmøringar og andre klippe og lime for Telemarkingane😉

Kategorier: Bø og Sauherad, Digitale fortellinger, Frivillige

Abonner

Subscribe to our RSS feed and social profiles to receive updates.

3 kommentarer den “Refleksjonar om digitale forteljingar i Bø og Sauherad”

  1. Sigrun Espe
    2. oktober 2013 kl. 12.33 #

    Veldig kjekt å høyre om erfaringane frå prosjektet, Sindre. Det var synd det ikkje vart tur til Skei på deg denne veka. Eg håper verkeleg vi kan få det til ein annan gong, for erfaringane dine, spesielt frå det tette samarbeidet med frivillig kultursektor, trur eg kan vere veldig nyttig for mange.

    • Sindre Flø
      2. oktober 2013 kl. 1.21 #

      Hei, Sigrun! Synd med avlysinga av seminaret. Vonar det let seg gjere å koma til Skei ved seinare høve. Det er i alle fall ingen tvil om at folk er nyskjerrige på desse «nye» formidlingsmetodane og har lyst å ta del i dette. Så.. korleis skal ein best tilrette legge for slikt arbeid? Ja det kan diskuterast i mange vinklar.

Trackbacks/Pingbacks

  1. Telemarkspiloten 2014 | kulturognaturreise.no - 26. mars 2014

    […] to år har vi i Telemark heldt fokus på å produsere innhald for Kultur- og naturreise i Bø og Sauherad. Saman med frivillige og lokale bygdetun og museum har vi gjort oss mange gode erfaringar om […]

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s