Opne data frå kulturarvsektoren

Den 24. og 25 april var eg på konferanse i Malmø. Kring 100 fagfolk frå heile Norden samla seg om temaet  opne data frå kulturarvsektoren.

Konferansen handla vel eigentleg, djupast sett, om haldningar. Haldningar i endring. Haldningar til det å dela data med publikum. Meterologisk institutt i Oslo er ein pioner på dette feltet. Dei har delt sine verdata sidan 2007. Dei fortalde si soge. Det var og ei soge om haldningar. Der byrja det med direktøren som ikkje fann det rett at dei skulle tvihalda på data betalt av fellesskapet. Vertenesta YR.NO er eit av mange resultat av den avgjera.

Frå mitt til vårt.

Kring 1994 byrja me å digitalisera foto i Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane der eg arbeidde i kring 25 år. Kodak hadde utvikla utstyr og teknologi for å digitalisera foto og lagra dei på photo-cd. På denne tida vart og Internett og verdensveven opna. Dei digitale kopiane av bileta kunne leggjast ut på nettet slik at folk kunne få sjå bileta, ikkje berre lesa kryptisk tekst om dei i ein katalog.

Å  dela dei dyrebare digitale filene våre med gud og kvarmann var slett ikkje rådane tankar hjå oss den gongen.  Tvert om. Me gjorde oss mykje flid med å finna ut korleis me kunne merka dei slik at ingen kunna ha særleg nytte av dei. Løysinga vart å skriva inn fotonummer som eit tydeleg nummer tvers over motivet, om det no var brudebilete,  i folk i slåtten eller fiskarar på havet. Me snakka og med ekspertar om korleis me skulle få dei digitale kopiane på nettet dårlege nok.

Etter som åra gjekk og det verste nærsynet, trangsynet og vrangsynet la seg, sneik nye tankar seg inn. Var no dette så farleg? Kunne det ikkje til og med vera eit gode at publikum fekk gode tenester, bilete av god kvalitet og at dei kunne hjelpa seg sjølve?

Kursen er peika ut

Konferansen i Malmø svara ja på alle slike spørsmål. Hovudansvar for konferansen hadde Digisam  som koordinerer arbeidet med digitalisering og digitale tenester  for ei rekkje statlege institusjonar i kultursektoren i Sverige. Digisam sitt fokus på dette er slik og ei melding frå sentrale statlege institusjonar i Sverige om at dette er hovudretninga. Kursen er staka ut. No vil ein sjå på dei muligheiter dette gir og korleis ein legg tilhøva best mogeleg til rette.

Riksarkivet har lagt ut folketeljinga frå 1910 som opne data gjennom eit API. Norsk Folkemuseum med fleire legg ut digitale foto i høg kvalitet til fri bruk. Statlege institusjonar har oppmoding i sine tildelingsbrev om å dela opne data. Prosjektet Kultur – og naturreise som Riksantikvaren, Statens kartverk, Kulturrådet og Direktoratet for naturforvaltning (Nå: Miljødirektoratet) står bak,  er eit banebrytande prosjekt for å nytta og stilla saman opne data. Då får ein opne og lenka data. DIFI har skipa til apps4norge.no for å visa kva opne data kan nyttast til.  FAD har stort fokus på dette. EU sitt nye direktiv om offentlege data er snart klart for endeleg handsaming.  Det vil og utfordra kulturarvsektoren. Retningan er peika ut. Ei spanande reise tek til, trur eg.  Konferansen i Malmø var planlagd i fellesskap av fagfolk i dei nordiske landa. Neste fellesnordiske samling om dette temaet  vert på Riksarkivet i Oslo.

Blogginnlegget var først postet på bloggen SAMDOK / Samla samfunnsdokumentasjon

Kategorier: DIFI, Folketellinga 1910, Lenka data, Open data, PSI-direktivet

Abonner

Subscribe to our RSS feed and social profiles to receive updates.

Ingen kommentarer så langt.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s