Lydstudioarbeid i Sauherad og Bø piloten

Denne veka er det full gang i innspilling av digitale forteljingar i Bø og Sauherad.

Det er ei stor glede å kunne ta i bruk heilt nytt lydstudio her i Bø. Musikkskulen i Bø har lagt ned mykje arbeid i vinter for å få dette klart. Lydmannen vår Jon Rørmark melder om små utfordringar og midlertidige løysingar, men resultatet blir upåklageleg.
Under kyndig vegleiing av Jon stiller frivillige opp for å lese inn tekstar frå Digitalt Fortalt. Vi er veldig glade for at både kulturminne-gruppene i Bø og Sauherad, Bø Ungdomsskule, Telemark Museum og andre lokalt engasjerte stiller opp i dette arbeidet! Vi er rett og slett imponerte over iveren og oppslutninga. Det er eit luksusproblem når alle som vert spurt har lyst å vere med. Nokon må nok vente til ny runde etter sommaren.

Vers ved vannvegen

Ekstra stor stas har det vore å få besøk av Liv Holtskog. Med sine eigne dikt tok ho oss med storm med ei fantastisk varm og rørande innlesing av sine eigne dikt.

Liv Holtskog klar for lesing

Liv Holtskog klar for lesing

Prosjektet ”Vers ved vannvegen” har som mål å binde kanalkommunane langs Telemarkskanalen saman, samtidig som det skal få fram den enkelte kommunes identitet.

Dette skjer via tekst-tavler med vers av lokale diktarar. Tavlene er plassert langs kanalen i kommunane Tokke, Kviteseid, Nome, Skien, Sauherad og Notodden.

Kulturetaten i kommunen har i samarbeid med forfattaren valt ut 8 dikt som vi synest høver godt i kulturlandskapet og aktivitetar på desse stadene. Kunstnar Knut Nesse er ansvarleg for utforminga av tavlene.

I Sauherad kommune er det Liv Holtskog sine dikt som pryder vannkanten, og no ønskjer vi  å få det i stand slik at folk på tur også kan høyre dikta lest av forfattaren sjølv.

 Følg med i dagane som kjem på Digitalt Fortalt, og fordjup deg i lokalhistoria i Bø og Sauherad!
Stor takk til de som er med å lese inn desse tre dagane: Liv, Elin Mæland Skogen, Kirsti Hegna, Hans Olav Sauar, Tor Arne Hegna, Halvor Gårda, Aaste Ulvenes, Anne M. Nykås, Guro Fosstveit og Steinar M. Olsen.

Kategorier: Bø og Sauherad, Digital fortalt, Digitale fortellinger, Innhold, Lyd

Abonner

Subscribe to our RSS feed and social profiles to receive updates.

Ingen kommentarer så langt.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s