Pilegrimsvandring- Fotefar frå fortid til framtid

Søndag 20. mai var dagen for pilegrimsvandring mellom Nes kyrkje i Sauherad og Bø Gamle kyrkje. Med strålande sol og gode temperaturar har det vorte anslått at så mange som 3-400 pilegrimar, både store og små, var å finne langs løypa Grøne Gangar denne dagen. Turen gjekk på vegar og stigar mellom ulike naturområder og kulturminner langs elva som knyt desse to kommunane saman. Kultur- og naturreiser var sjølvsagt på plass med 10 QR-postar til testing ute i felt.

Pilegrimsvandraren i middelaldaren hadde nok fokuset på sin eigen indre reise med mål om djupare kontakt med Gud. Han søkte å gjere bot for sine syndige handlingar ved å vandre. Dagens pilegrimar skil seg frå dette. Ikkje alle pilegrimar har nødvendig vis ei kristeleg eller religiøs forankring, men det er likevl ein søken etter noko. For å sittere min rettleiar Bjørn Tordsson på friluftslivsstudiet var middelalderen:

«en tid når magi og mystikk, drømmer, visjoner og indre åndelig erfaring var sett på som sann kunnskap og innsikt. (…)Den moderne pilegrimen tilhører ofte ikke noen bestemt kirke eller trosretning, men søker i pilegrimsskikkelsen uttrykk for en moderne søken etter mening, etter personlig identitet og forankring(…)»

For den moderne pilegrimen er samver med andre og tid til å reflektere viktige ingrediensar (Monica Smørås) i vandringa. Medan pilegrimen i middelalderen søkte meining i sjølve vandringa, er den moderne vandraren meir oppteken av det miljøet ein vandrar i. Kulturminner, naturen og menneska ein møter på sin pilegrimsferd er det viktigaste for vandrarar i dag. Så slik sett vil prosjektet Kultur- og naturreise ha potensiale til å kunne vere ein viktig reiskap; at informasjon om det du ser der du er kan vere med å stimulere til undring og refleksjon. Slik tenkte i alle fall eg fram til 20. mai.

Eg har vel eigentleg ikkje endra så mykje meining. Pilegrimane fant prosjektet vårt veldig interessant, men utfordringa var at dei fleste ikkje var kjende med smarttelefonar og QR-kodar. Dette viser også talet på visningar til nettsidene som var lenka til QR-postane. Av 3-400 pilegrimmar som starta ved Nes kyrkje var det berre ein person som scanna koden på første post og kom fram til riktig  nettstad. Fleire pilegrimar gav tilbakemelding om at dette var framtidas formidling; «Det blir nok meir og meir av slikt.» Det verkar vere slik at folk tenkjer at QR-kode og smarttelefon er kompliserte saker. Enkelte hadde heller ikkje tid å stoppe opp. Dei skulle vidare til neste…

Så ein kan vel seie at vi i alle fall ikkje er for seine med å tilrettelegge for digital formidling for pilegrimar her i Bø og Sauherad. Kanskje er vi på riktig stad til riktig tid?  I alle fall var dei som hadde smarttelefon og kunne scanne QR-kodar frå før ivrige og gleda seg til fortsettelsen på prosjektet vårt.

Eg tek til å tenkje på Gunnar Liestøl (UiO) som 21. mai på Morgendagen er mobil presiserte at ein må basere seg på at basisfunksjonane i ein app må vere intuitive i bruk. At kven som helst enkelt kan bli rikare på opplevingar ved hjelp av mobil og nettbrett. Så får vi berre sjå i tida framover om pilegrimar vil bli aktive brukarar av digitale formidlingstenester.

Nokre pilegrimar var mest opptatt av rosiner og liopleurodon.

Kategorier: Bø og Sauherad, Pilgrimer

Abonner

Subscribe to our RSS feed and social profiles to receive updates.

Ingen kommentarer så langt.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s