Interessant dag på HiT Bø

Onsdag 18. april hadde Masterstudentar og Ph.d. stipendiatar ved institutt for Natur, helse og miljø internt seminar, og Kultur- og naturreise var invitert til å gjere seg kjend. Her var det mange som la fram sitt arbeid. Her fekk eg mellom anna høyre om forsking på bekkerøye og vatn og vassdrag.

Høgskulen i Telemark vil vere ein viktig aktør i Bø og Sauherad piloten, og vi er glade for at dei stiller seg positive og ønskjer å samarbeide. Frå før av har vi hatt kontakt med institutt for idrett-, kroppsøving- og friluftslivsfag og institutt for kultrur, språk og historie, som gjerne ser føre seg å bidra med innhald og testing for Kultur- og naturreise. Høgskulen er viktig for distriktet og sit på stor kompetanse på både kultur, histori, natur, miljø og friluftsliv. Med sine mange studieretningar innanfor desse emna vil høgskulen vere ein naturleg samarbeidspartnar, både når det gjeld kultur- og naturformidling, brukartestar, produksjon av digitale fortellingar og til kreativt tankespinn.

Seminaret 18. april vart kalla Progress og vert heldt jamnelg på instituttet. Som ordet tilseier legg studentane fram sitt arbeid så langt dei har kome i prosessen det er med å skrive ei avhandling. Sjølv om eg falt ut mellom alle fagutrykka, fekk eg eit godt inntrykk av kva som er under produksjon. Mellom anna har høgskulen eit samarbeid med barneskulen og den vidaregåande skulen i Bø om elva Evju i Evjudalen. Grunde Aasveen med sin «sidekick» Mr. Ege vil no i sommar gå igang med å forske på Bekkerøya som vart sett ut her i Telemark for omalg 100 år sidan. Ved Evju Bygdetun har Ola Nordsteien i lengre tid hatt nett oppe for å fange fuglar og forskar på desse. Andre tema var humle og denne sin påverknad av trafikk og vegutbygging, effektar på vatn etter skogbrannar, vass kvalitet i Norsjø og ulike fuglar sine vandring og utvikling/tilpassing dette fører med seg.

Sist men ikkje minst; ein kjem ikkje utanom beveren når ein skal snakke om Høgskulen i Bø. Med ein av få oprinnelege bestandar i Europa har Telemark og særleg Midt-Telemark vore i ei særstilling. Etter nesten utrydda bestand i Europa, pga sin vakre pels, har bever frå Telemark vorte sett ut i mellom anna Skottland. Og høgskulen har lang fartstid med forsking på den store gnagaren som ein kan finne langs heile Bø-/Gvarvelva. Også Patrica Graf frå University of Natural Resources and Applied Life Sciences, Vienna, Østerrike, som samarbeidar med HiT om beverforskinga, hadde tatt turen.

Eg takkar HiT for høvet til å delta på dette seminaret, og ser fram til vidare samarbeid!

Kategorier: Bø og Sauherad

Abonner

Subscribe to our RSS feed and social profiles to receive updates.

4 kommentarer den “Interessant dag på HiT Bø”

  1. Marit Kjeksrud Amundsen
    25. april 2012 kl. 2.22 #

    Woho!

  2. sirislettvag
    23. april 2012 kl. 7.27 #

    Dette ser ut til å kunne bli et spennende samarbeid. Mye interessant naturinfo for piloten. Tror du studentene kunne være interesserte i å være testere av innhold og løsninger også?

    • Sindre Flø
      24. april 2012 kl. 10.06 #

      Instituttleder for idrett-, kroppsøving- og friluftslivsfag, Anette Bischoff skriv doktoravhandling om stien som opplevings arena. Ho har årleg med studentar ut på befaring på stigar som del i undervisinga, så med ho på laget kan vi ta studentar med ut på digital kultursti og be om tilbakemeldingar. Veldig sentralt og interessante refleksjons turar for friluftslivsstudentar på alle nivå. Anette er positiv til dette. Det er rett og slett veldig moro det her. Om vi er heldige får vi master og bachelor studentar til å skrive oppgåver om digital natur og kulturformidling.

      • sirislettvag
        24. april 2012 kl. 11.16 #

        Dette er jo kjempebra Sindre!

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s