Engasjerte kulturformidlarar i Sauherad og Bø

Når ein skal legge til rette for digital formidling av kultur og natur er det veldig morosamt at frivillige i bygda engasjerar seg og tek fatt i materien. På alle våre utvalde områder er folk igang med å registrere kulturminner og samle informasjon om desse, berre fordi dei synast det er morosamt og viktig. I starten av juni satsar vi i Kultur- og naturreise på å få igang ein workshop om å skrive digitale fortellingar  for å gi noko tilbake.

Gvarv gruppa arbeider iherdig med den historierike Gamlegata

Som tidlegare nemnt er våre satsingsområder Evju Bygdetun med Tangen og Kjærlighetsstien med Gamlegata i Sauherad, og i Bø har vi valt ut kulturstigen mellom Oterholt og Folkestad bru med utgangspunkt i Bø Museum og til sist Evjudalen i Bø Sentrum som eit fjerde turområde. I tillegg har vi valt å ta med Hørte slik at vi kan gjere ein test på GPS-vegvisar her i distriktet. På Hørte finn ein til dømes det historiske dampfarveriet. Ved å knyte saman Gvarv, Evju Bygdetun, Hørte og Bø sentrum ligg det an til å kunne bli ein hyggeleg biltur langs
Hørtevegen mellom Bø og Gvarv.

April er månaden for å koordinere, samle inn og gjere eit val i kulturminnar i områda. Frivillig har vore igang med å registrer kulturminnar her sidan før Kultur- og naturreise tok til! Så her har vi ein «jumping start» i prosjektet og vi kan berre takke desse 20 frivillige gruppene som gjer og har gjort dette arbeidet. Det ligg an til å bli mange digitale fortellingar her i distriktet. Også utanfor våre utvalde områder! Og det er bra. Bø Turlag ved Arne Hjeltnes i spissen har lagt ned eit stort arbeid i å digitalisere turløyper i distriktet og har samtidig lagt vekt på kultur og naturformidling. Oversikt over turløypene finn du her i Google Earth.

Med utgangspunkt i listene som vert levert frå dei frivillige gruppene, som sit med den lokal kunnskapen, vil Kultur- og naturreise gjere ei prioritering i kva kulturminner vi ønskjer å produsere tekst, lyd, bileter og filmar til. Med desse liste på plass er det berre å kjøre igang workshops for å få produsert historiene. Noko som verkeleg vil bli ein spanande og morosam prosess.

Evju Bygdetun - i botnen av skråninga her finn vi den skjeldne planeten buesivaks

Kategorier: Bø og Sauherad

Abonner

Subscribe to our RSS feed and social profiles to receive updates.

Ingen kommentarer så langt.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s