Pilot Bø og Sauherad

Eivind Lønheim, lokal eldsjel og del av prosjektgruppa.

Bø/Sauherad-piloten har hovudfokus på digital formidling av kultur- og naturminnar i Bø og Sauherad kommune. Lokalt innhald er sentralt og samarbeid med lokale krefter står i fokus. Prosjektet vert drive framoverav prosjektgruppa som består av dei to lokale frivillige Eivind Lønheim og Halvar Kaasa, kultursjefane Hilda Sørum i Sauherad kommune og Hilde Pedersen i Bø kommune, Finn Rønning frå Telemark Museum og lokal prosjektleiar Sindre Flø.

Ein del av det faglege innhaldet til den digitale framsyninga vil mellim anna komme frå Naturbasen og Kulturminnebasen. I tillegg ønskjer ein å invitere folk flest til å bidra i den lokale historiefortellinga og naturformidlinga. I denne samanheng er det at Bø/Sauherad-piloten bygger på kartleggings- og registreringsarbeidet som vart gjennomført i desse to kommunane i utprøvinga av handboka(Riksantikvaren) for registrering av kulturminnar lokalt. Dette er eit utgangspunkt som bl.a. inneber at det allereie er etablera eit bredt utval av registrerte kulturminnar, og ei engasjert gruppe av frivillige med kompetanse som forhåpentleg vil vere med vidare. Men vi har framleis plass til fleire bidragsytarar!

Vi søkjer etter lokale personlar, lag eller organisasjonar som ønskjer å ta del i digital kultur- og naturformidling. Vi er på jakt etter deg som har noko å fortelje om ditt nærområde, og som ønskjer å vere med å skrive tekstar, ta bilete, lage film eller lydspor om lokalhistorie, ein blome eller eit dyr, ei personleg fortelling frå «den gang då», osb. Interessentar vil ved behov få opplæring i å lage digitale fortellingar. Tanken er at vi vil legge digitale fortellingar i databasar, slik at ein via smarttelefon og nettbrett kan få tilgang til lokal informasjon og historier ute mendan ein går tur.

I etterkant av dette vil vi gjennomføre brukarundersøkningar for å skaffe oss erfaringar. Målet med prosjektet er nemleg å sjå om det er mogleg å presentere naturfenomen og kulturminner digitalt over heil landet, basert på historier skreve av dei lokale sjølv.

For Bø og Sauherad arbeider vi no med desse fire turområda:

  • – Kjærlighetsstien med Gamlegata på Gvarv
  • – Evju Bygdetun med turløype til Tangen, langs elva til Leikvang og tilbake til Bygdetunet
  • – Oterholt med kulturstigen til Kvennøya og nedover langs Bøelva til Folkestad bru
  • – Evjudalen i Bø sentrum

Våren 2013 satsar vi på å kunne presentere testar på digital formidling ved alle desse fire turområda.

Har du noko å bidra med? – ring meg!

Sindre Flø
Prosjektleiar Bø og Sauherad Piloten
Kultur- og naturreise
Telefon: +47 95847525
E-post: sindre.flo @ bo.kommune.no

Se alle innlegg om Bø/Sauherad

Tags: ,

Kategorier: Bø og Sauherad

Abonner

Subscribe to our RSS feed and social profiles to receive updates.

Ingen kommentarer så langt.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s