EU satsar på kulturreise og e-turistane.

Norsk kulturråd med i nytt EU-prosjekt som har namnet EuropeanaAwareness.

Fakta:

Budsjett ca: 32 millionar NOK. Varer 3 år, ut 2014. Omfattar alle medlemslanda i EU, samt Norge, Kroatia og Serbia. 48 partnarar – fleire kulturdepartement, nasjonale institusjonar, forskingsinstitusjonar, private selskap.  Oppstartmøtet var i Haag den 26 januar 2012.

EU legg stor vekt på at kulturarven skal digitaliserast. Den skal verta meir tilgjengeleg – for alle. Ut av magasina og dei lukka romma. EU-kommisjonen trur at det ligg både oppleving og næringsutvikling i dette. Omgrepet e-turisme las eg her om dagen i ein amerikansk rapport. Nytt omgrep for meg. Fortel mykje om kva me kan venta oss.

EU-landa skal rapportera inn kva dei trur dei vil koma til å digitalisera og dermed kunna levera av digitalt innhald til Europeana.  Europeana inneheld no 23 millionar digitale objekt. Målet på kort sikt er 30 millionar. Norge er godt representert med kring 1.5 millionar. Her skal e-turisten etter kvart finna det meste.

Alle EU-prosjekt er delte inn i arbeidspakkar. Under arbeidspakke 4 – Kopla kulturinnhald og turisme i EuropeanaAwareness kan me lesa: Med utgangspunkt i Europeana sin strategiske plan for 2011-2015 skal denne arbeidspakken ha som mål å levera innhald frå Europeana til kulturelle turistar uansett når dei ynskjer tilgang til informasjon om staden dei er.

Spørsmålet er so kva innhald og data vil e-turistane ha? Kva vil turistsektoren ha? Når vil e-turistane ha interesse av digitalt kulturinnhald? Kva form og kva format – lyd, tekst, video, kart, anna? Slike spørsmål og mange andre skal EuropeanaAwareness prosjektet finna svar på. Mykje likt det Kultur – og naturreise ser på.

Prosjekt skal føra desse diskusjonane på ulike nivå: nasjonalt politisk nivå, med nasjonale organisasjonar som arbeider med kultur og turisme, med forskingsmiljø og så vidare.

EuropeanaAwareness har og fleire andre viktige oppgåver. Prosjektet legg stor vekt på bruk av digitale forteljingar, det skal utvikla samarbeidet med Wikipedia på europeisk nivå, sikra meir brukargenerert innhald for å nemna noko.  Prosjektet legg til grunn at godt samarbeid mellom  kultursektoren og reiselivet kan vera til nytte for begge. Ikkje minst vil det vera til nytte og gleda for dei som reiser – for dei nye e-turistane.

Tags: , , , ,

Kategorier: Kulturarv, Norge, Reiseliv

Abonner

Subscribe to our RSS feed and social profiles to receive updates.

One Comment den “EU satsar på kulturreise og e-turistane.”

  1. 8. mars 2012 kl. 10.12 #

    Kultur- og naturreisegjengen gjengen skal møte Culture 24 som har ansvar for arbeidspakke 4 i Europeana Awareness i London 23. mars. De har mye å fare med når det gjelder brukeradferd knyttet til å ta i bruk mobil teknologi. Vi gleder oss og skal rapportere om møtet og videreformidle erfaringene på bloggen.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s