På hyggelig besøk til Kultur- og Naturreise!

No har eg arbeida med Bø og Sauherad piloten i omlag to månader, og tenkte det var på tide med ei arbeidsøkt i Oslo. Onsdags morgon 22. februar kl. 0900 gjekk eg med ope sinn og klar til læring og vegleiing, opp trappa til resepsjonen på Norsk Kulturråd. Her vart eg mødt av Siri Slettvåg, som kunne meddele at både Marit Amundsen og Sidsel Hindal låg sjuke og Lars Rogstad hadde tatt ferie. Ho kunne òg fortelle at der var fleire trapper og gå.

Det mangla ikkje på engasjement og gjestfridom her! I det opne kontorlandskap kom eg straks i god kontakt med sentrale personar i prosjektet. Det vart to svært innhaldsrike dagar, med god god kaffi og god mosjon i trappene. Særleg spennande var introduksjonen til http://www.digitaltfortalt.no, ved Kristin Bolgård (som til sist viste meg heisa) og Anders Olsson. Mange spørsmål fekk sin bane etter dette oppklarande møtet. Like bra var meiningsutvekslingane med og vegleiinga frå Siri Slettvåg, som også tok meg med på trikken og ut i den store byen for å teste ut den digitale formidlingar ved Akerselva. Alt vert tydlegare når ein får testa ut i praksis. Image

Ved Akerselva kunne ein drøyme seg vekk i gamle kart, historier om folk som eingong levde her, om forsøpling og ønsker om å reinse elva, osb. Og jaggu fekk ein vel ikkje ein sang framført av sjølvaste Oslolosen! 

Takk for ei god oppleving. Eg kjem snart attende for å helse på resten av gjengen!

Med god innføring i det nasjonale prosjektet sitt arbeid, struktur og planar, står eg sterkare til å ta Bø og Sauherad piloten vidare.

Advertisements

Kategorier: Bø og Sauherad, Daglig gang

Abonner

Subscribe to our RSS feed and social profiles to receive updates.

Ingen kommentarer så langt.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s