Inkludering for dummies

Lunch atop a skyskraper - legorekonstruksjon

Foto: ‘Lunch Atop a Skyscraper’ av Balakov. Ein lego rekonstruksjon av Charles Ebbets berømte fotografi frå 1932.

Søkjer du på ordet ‘inkludering’ får du om lag 569 000 treff, på 0,43 sekund. Omgrep som ‘inkluderende personalpolitikk’ til ‘et inkluderende Trøndelag’ er berre nokre av treffa som syner spennet i bruk av ordet. Men kva tyder eigentleg ‘inkludering’? Ordboka fortel oss at det kjem frå latin og handlar om å ‘femne om, rekne med’. Men kven då? Alle? Heile tida? På kva måtar? Tenk om dei ikkje vil?

I Stortingsmelding nr 10 som kom i desember 2011, står det at “inkludering går ut på å fjerne barrierar for deltaking, anerkjenne ulike stemmer og å skape like moglegheiter for alle individ og grupper på alle samfunnsområde. […] Kultursektoren skal i større grad arbeide for å nå personar og grupper som i dag står utanfor kulturlivet. […]Institusjonane skal også gi ei stemme til samfunnsgrupper som ikkje maktar å gjere seg gjeldande i samfunnsdebatten eller som ikkje er synlege, vere bevisste den samfunnsendrande krafta som ligg i kritisk kunst-, kultur- og naturformidling, og skape fellesskap basert på utforsking av erfaringar, kritisk refleksjon og meiningsutveksling.”

Barrierane som hindrar deltaking kan vera fysiske, økonomiske eller sosio-kulturelle. Digitale og sosiale medium er difor viktige verktøy i arbeidet med å nå ut til fleire og la fleire få medverke. Her spelar Kultur- og naturreiser ei viktig rolle når det gjeld å bryta ny grunn og flytta gamle, ekskluderande grenser.

Det handlar rett og slett om å opna kulturinstitusjonane og sleppa til større mangfald, fleire stemmer, andre perspektiv og nye gjester. Ikkje atomfysikk, altså. Men det krev mot, humor og rausheit.

Kan vi rekna med deg?

Les meir om inkludering og medverknad i abm-skrift #62 Jo fleire kokkar, jo betre søl.

Advertisements

Kategorier: Inkludering, Medvirkning

Forfatter:Åshild Andrea Brekke

seniorrådgjevar i Norsk kulturråd.

Abonner

Subscribe to our RSS feed and social profiles to receive updates.

Trackbacks/Pingbacks

  1. Skoleprosjekt – bare fantasien setter grenser | kulturognaturreise.no - 16. oktober 2013

    […] Å bruke df som inkludering er svært aktuelt. Les mer om inkludering her. […]

  2. Hvor skal diskusjonen foregå? « mKamu - 22. juni 2012

    […] hva pingback var. Jeg hadde skrevet et innlegg i Ballrom. Her siterte et blogginnlegg av Åshild A. Brekke som hun hadde skrevet på kulturognaturreise.no Da jeg skrev dette la jeg også inn en lenke til […]

  3. Museet i den ene enden av røret og verden i den andre | Ballrommet - 18. juni 2012

    […] 3. Slipp til publikum. Ja,  nå håper jeg du enten er helt enig med meg (eller skikkelig uenig slik at det blir en heftig dialog i kommentarfeltet). Slipp til publikum ja. Hvordan da? og på hva? Holder det ikke med at de trykker like og kommenterer her og der? Skal vi la de slippe til ytterligere? Det handlar rett og slett om å opna kulturinstitusjonane og sleppa til større mangfald, fleire stemmer, andre perspektiv og nye gjester. Ikkje atomfysikk, altså. Men det krev mot, humor og rausheit. Åshild Andrea Brekke, Kulturrådet i Inkludering for dummies […]

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s