Seminar Bø- og Sauherad-piloten 4. februar.

Lørdag 4. februar skipar vi til ope seminar for Bø- og Sauherad-piloten, frå kl 10-15 i Oppåstugo på Gullbring kulturanlegg. Saman med representantar frå det lokale og nasjonale prosjektet Kultur- og naturreise har du denne dage høve til å få god informasjon om arbeidet i Bø og Sauherad, samt høve til å kome med innspel til prosjektet og til å vere med og leike med digital kultur- og nauturformidling.

I Bø og Sauherad er vi så heldige å ha ein svært stor gjeng av frivillige kulturinteresserte som i lengre tid har vore aktive i registreringsarbeid av kulturminner og historiefortellingar knytta til desse. Vi håper at så mange som råd har høve til å ta del i dette arrangementet. Vi har alltid plass til fleire. For meg som er nytilsett i prosjektet ser eg fram til å få helse på denne frivillige gjengen som eg har høyrt så mange lovord om. Det blir moro å samle alt arbeidet som er gjort og få formidla historiene gjennom ny teknologi.

Vi er også svært glade for å få besøk av både Siri Slettvåg, Marit Kjeksrud Amundsen og Sidsel Hindal frå det nasjonale prosjektet, samt Ola Wergeland Krog frå Naturdata og Eli Lundquist frå Riksantikvaren.

Alle er velkomne denne dagen, anten du ønskjer å delta i kartlegging av kulturminner, ønskjer å samarbeide med oss eller om du rett og slett er nyfiken.

Planen for dagen ser slik ut:

10.00-10.10             Velkomst; kartlegging og historieforteljing v/Eivind Lønheim

10.10-10.40             Presentasjon av det nasjonale prosjektet Kultur- og naturreise v/ Siri Slettvåg, prosjektleiar og Eli Lundquist, Riksantikvaren

10.40-11.00             Presentasjon av Bø- og Sauherad-piloten v/ Sindre Flø, prosjektleiar

11.00-11.15               Pause

11.15-11.45                Eksempel på digital formidling v/Siri Slettvåg, Sidsel Hindal og Marit K. Amundsen frå prosjektgruppa Kultur- og naturreise

12.00-12.30              Lunsj – gruppearbeidet startar.
12.30-14.00              Arbeid i grupper forts. Kort beinstrekk etter eige behov. Oppsummering v/Eivind Lønheim og Siri Slettvåg
14.00-15.00              Ola Wergeland Krog frå Naturdata om database og kart
Spørsmål/utfordringar for registreringsarbeidet v /Eivind Lønheim og Ola Wergeland Krog

Vel møtt!

Advertisements

Kategorier: Bø og Sauherad, Foredrag

Abonner

Subscribe to our RSS feed and social profiles to receive updates.

Trackbacks/Pingbacks

  1. Foredrag | kulturognaturreise.no - 5. juni 2012

    […] Seminar Bø/Sauherad-piloten […]

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s